Tamina observerte møtet og hadde sjølv ein del spørsmål til ungdomane om kva som må til for at dei unge skal ha det bra i Oslo. Elevane, frå sjuande til tiande trinn, hadde mange gode innspel og Tamina fekk med seg fleire gode idear til sitt viare politiske arbeid. For elevane var det ekstra interessant å høyre om kva som skjer med til dømes utbygging av basketballbaner og planlagde byprosjekt i ulike delar av byen.
Det er alltid spanande å sjå kva elevane våre veljer viare i livet sitt. For oss er det ikkje uventa at nettopp Tamina, som alltid var ein positiv, engasjert og dyktig elev, har valt politikk og samfunnsengasjement som karriere.
Takk for besøket Tamina, og velkomen tilbake!